Badstova for alle, i hjartet av Hallingdal
Velkomen til badstova ved Oppsjø Vasspark i Ål! Her kan du delta på fellesbadstove til faste tider, eller booke badstova til eige bruk.
Badstova ligg ved Ål idrettspark Bråta, rett ved Riksveg 7.

Fellesbadstove
Å ta badstove saman med andre er både sosialt og hyggeleg. Fleire lag og organisasjonar i Ål arrangerer fellesbadstove kvar veke, der alle som ynskjer det kan bli med. Sjå timeplan for full oversikt over dagar og tider.
Privat badstove
Ynskjer du ei stille stund i eige selskap? Er de ein familie eller venegjeng som vil ha badstova for dykk sjølv? Badstova kan også bookast privat i inntil to timar. Mer info om bestilling og prisar finn du under.
Badstova på Oppsjø: Moderne arkitektur + gode menneskemøter.
Er det noko du lurar på?
Her har me samla nokre vanlege spørsmål:






